mandag 14. april 2014

Gjesterapport fra Veobreahesten

Litt hopping i tid med rapporter, men det gjør vel ingenting.
Her er Geir Arnes rapport fra Veobreahesten for noen uker siden. Fadesen dagen i forvegen var en halvkjip tur på Loftet/Veslbreatind.

Yr.no hadde bestemt seg for å gjere godt at for fadesa dagen i forvegen da eit forholdsvis godt varsel enda opp som ein svært middelmådig dag og stilte med skyfri himmel og null vind. M&S ville ha ein grei topp for Martine å ledklatre på og valget falt difor på Veobrehesten.
Eg forsøkte å insistere på Hotell Cæsarkavalkade istaden men vart nedstemt. Litt diskusjon om rutevalget men endte opp med Spiterstulen,
Skautflye, Veobrehesten, Veoskaret og Spiterstulen. M&S på randoutstyr og eg på fjellski. Byrja frå Spiterstulen, for ein gongs skuld utan det sedvanlege bikkjeglamet da bikkja var oppteke med å kurtisere ei anna bikkje. Fulgte DNT ruta opp mot Skautflye på ishard skare. M&S 
tok raskt teten mens eg forsøkte å henge på som best eg kunne og snart var vi oppe i sola på Skautflye.


Idyllisk

Stilongsvær videre innover. Litt inne på Skautflye fant Signar ut at vi kunne byrje oppstigninga oppover breen. Eg og Martine meinte det var litt tidleg og ville sjekke kartet fyrst men det var det vist ikkje noko behov for. Signar gjekk opp mens eg og Martine venta skeptisk nede. Men da Signar fortsatte videre innover rygggen loffa vi etter. Vi var raskt oppe på ryggen og kunne kikke videre inn på... øhhh... ned på Skautflye. Men gutten hadde sjølvsagt ikkje teke 
feil, han måtte jo opp for å få oversikt over ruta videre innover Skautflye må vite...
Vi glei nedatt på Skautflye og fortsatte videre innover etter nokre gamle skispor som gjekk i vår retning. Gjekk opp ved Veobrean 1964 toppen. Ei bratt kneik så var vi godt oppe på breen. Det gjekk lett for M&S innover mens eg sleit med 15 centimeter tjukke kladder over heile skilengdane så
M&S drog frå innover breen mens eg konsentrerte meg om å dra med mest mogleg snø oppoveratt på breen.

Østveggen på "hæsten"


Glittertind i bakgrunnen

Vi runda under Veobrehesten mellom ei 
vindgryte og eit sprekkområde før vi gjekk opp forbi sørsida. 
Parkerte skia litt opp i sida før vi drog på sikringsutstyr og Martine ledklatra opp. Taug som skar seg ned i pil råtten snø og sendte den 
nedover ilag med stein av ymse størrelser gjorde sikringsjobben interessant.
Det gjekk kjapt opp på eggen før vi fulgte ein snørygg videre oppover. Forholdsvis greit men eit interessant punkt rett før topp punktet.

Martine gjør seg klar


Signar kvalitetssikra forhaldene på forhånd


Toppblokka


Litt apefakter for å entre toppblokka før utsikta kunne nytast.
Som vanleg var det ikkje mykje tid til nyting før vi måtte videre til bitoppen. Gjekk litt ned i sørsida før vi tok oss oppatt på ryggen 
og fulgte den til topps. Dei vi fulgte spora til nede på breen hadde berre fulgt snøflankanae i sørsida opp og unngått alle punkt med behov for sikring. 


Varemerket på plass


Martine sikres bortover egga





Breøks er fortsatt state of the art.


Store Veotinden


Nedkjøring fra Veobreahesten


Sola hadde gått sin gang iløpet av dagen og Signar som drog med seg ski opp på toppen for å få køyringa nedatt fekk ikkje heilt optimalt føre.
Eg og Martine fulgte flankane nedatt til skiutstyret vårt. Vi kryssa raskt rundt på sørsida av Leirhøe og no gjensto berre Veoskaret. 
Største delen av turgruppa hadde "safa" og cruisa enkelt ned på randoutstyr mens siste mann og den klart tøffaste køyrte heile skaret ned på fjellski. 
Siste delen ut Visdalen gjekk kjapt på ishard skare og på Spiterstulen var bikkja ferdig med kurtiseringa og igang att med sin vanlege 
velkomstaktivitet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar